Styret i Norges Tennisforbund har i dag tilsett Aslak J. Paulsen som Generalsekretær for norsk tennis.

Aslak har i mange år jobba i og med norsk tennis, gjennom ei rekke ulike roller, både i klubb og i forbund. I løpet av desse åra han fått ein sterk faglig og pedagogisk bakgrunn, stor innsikt på alle dei ulike aspekta og nivåa for drift av idretten, og også eit svært godt nettverk i norsk og internasjonal tennis. Dette er erfaring som er viktig i arbeidet med norsk tennis, for å oppnå eit tettare samarbeid med alle vore medlemsklubbar, og for å oppnå målsetjing og strategi som er vedteke.

Sidan slutten av april har Aslak vore konstituert Generalsekretær. Under denne perioden har han vist at han er ein robust, operativ og samlande leiar. Styret i NTF har stor tru på at Aslak vil bidra til at posisjonen til tennis og padel vert styrka som attraktive racketsportar, at dei vert ytterlegare synlege i heile landet, og at me vil få fleire som vil spela tennis og padel – livet ut!

Styret i Norges Tennisforbund,

Lars Gjerdåker,
President

For spørsmål/kommentarer:
Lars Gjerdåker: president@tennis.no / +47 40201961
Aslak J. Paulsen: aslak.paulsen@tennis.no / +47 99239505

Annonse
Samarbeidspartnere