Oslo 15. mai, 2020


Norges Tennisforbund ynskjer no i perioden der me skal gjennomføra ei ekstern gransking å seia nei til vidare kommentarar og framleggjing av informasjon til media rundt områder som reiserekningar, bonusavtalar og drift som det har vore skrive om i media dei siste vekene. Dette gjer me for å sikra at me har tilstrekkeleg kapasitet til å bistå ein 3dje part i ei gransking og for å sikra at granskingsutvalet kan få arbeidsro til å gjennomføra sitt uhilda arbeid med tilstrekkeleg kvalitet.

Den siste tida har vore krevjande for alle oss med eit stort hjarte for tennis. Diskusjonar, samtalar og innlegg har vore ført på telefon, i sosiale medier, i aviser og på nettsider, og tildels kraftig skyts har vorte avfyrt. Det har vore vanskeleg for mange å få oversikt over kva som stemmer og kva som kun er påstandar mynta på å framstilla NTF og enkeltpersonar i eit dårleg, og uriktig, lys. I NTF har me svara og informert dei som har teke kontakt med oss, om det er klubbar eller journalistar, etter beste evne.

Denne veka har fleire mediahus vore på forbundskontoret for å mellom anna gå gjennom rekneskap og reiserekningar. Me har vist fram stillingsinstruksar og snakka spesifikt om t.d. lønsnivå, ferieveker og jobbreising. Me har framheva vårt strategidokument og korleis me som eit lite forbund har valt å best forvalta mandatet som Tennistinget har gitt oss. Kort sagt, me har snakka ope om alt det som journalistane har lurt på, innanfor krav om personvern og kva me har lett tilgjengeleg av informasjon (eldre bilag til reiserekningar er fjernarkivert, men me har sagt at dei kan få sjå det og, men at det vil ta lengre tid).

Som nemt så er styret og administrasjonen einige med klubbane som har teke til orde for at ei uavhengig gransking av NTF no er nødvendig. Me har no starta prosessen med å utforma mandatet for ein granskingskomite og er i kontakt med nokre av våre klubbar for å verta klare på korleis ei slik gransking best skal gjennomførast og kva som skal vera omfanget. Dette kan bli eit omfattande arbeid med stor bruk av både interne og eksterne ressursar. For å sikra at me treffer ift behovet vil me publisera mandat og kven som skal leia granskinga på NTF sine nettsider, og så be om tilbakemelding frå klubbane før arbeidet går i gang. Arbeidet med å klargjera til granskinga vil no verta sett i gang og sjølve granskinga vil då kunna starta om kort tid.

NTFs styre og administrasjon håpar at media respekterer denne beslutninga. Skulle det vera spørsmål om aktivitet som ikkje er relatert til granskinga som likevel måtte koma i denne perioden kan President eller Konstituert Generalsekretær kontaktast.

Me håper at denne prosessen vil føra til at alle vil få svar som kan tryggja og tydleggjera arbeid og beslutningar som er gjort dei siste åra, eventuelt føreslå endringar som vil vidareutvikla rolla NTF har som særforbund for norsk tennis, samarbeidspartnerar og presse.

Norges Tennisforbund er til for klubbane og dei over 28000 medlemane. Grunnpillarane våre for å sikra god aktivitet og idrettsglede inkluderer frivilligheit og openheit. Me håper at me i tida framover kan gjenvinna tilliten til NTF og at me saman kan halda fram med alt det fantastiske arbeidet som vert gjort kvar dag rundt om i alle våre 145 tennis- og padelklubbar!

På vegne av styret & administrasjonen i NTF.

Lars Gjerdåker                                      Aslak Paulsen                                                  
President                                              Konstituert Generalsekretær

Annonse
Samarbeidspartnere