Norges Tennisforbund er til for klubbane og dei over 28000 medlemane. Grunnpillarane våre for å sikra god aktivitet og idrettsglede inkluderer frivilligheit og openheit.

Den siste tida har vore krevjande for alle oss med eit stort hjarte for tennis. Diskusjonar, samtalar og innlegg har vore ført på telefon, i sosiale medier, i aviser og på nettsider, og tildels kraftig skyts har vorte avfyrt. Det har vore vanskeleg for mange å få oversikt over kva som stemmer og kva som kun er påstandar mynta på å framstilla NTF og enkeltpersonar i eit dårleg, og uriktig, lys. I NTF har me svara og informert dei som har teke kontakt med oss, om det er klubbar eller journalistar, etter beste evne.

I dag, onsdag 13 mai, kjem NRK, TV2 og Dagbladet til forbundskontoret for å mellom anna gå gjennom rekneskap og reiserekningar. Me viser då fram stillingsinstruksar og snakkar spesifikt om t.d. lønsnivå, ferieveker og jobbreising. Me framhever også vårt strategidokument og korleis me som eit lite forbund har valt å best forvalta mandatet som Tennistinget har gitt oss. Kort sagt, me snakkar gjerne om alt det som journalistane lurer på, innanfor krav om personvern og kva me har lett tilgjengeleg av informasjon (eldre bilag til reiserekningar er fjernarkivert, dei kan sjølvsagt få sjå det og, men det tek lengre tid).

Fleire klubbar har no teke til orde for ei uavhengig gransking av NTF. Me i styret og administrasjonen er einige i at det no er nødvendig. I løpet av dei næraste dagane vil me ta kontakt med nokre av klubbane som har fremma dette for å verta klare på korleis ei slik gransking kan gjennomførast og kva som skal vera omfanget. Dette kan bli eit omfattande arbeid med stor bruk av både interne og eksterne ressursar. For å sikra at me treffer ift behovet vil me publisera omfang og kven som skal leia granskinga på NTF sine nettsider, og så be om tilbakemelding frå klubbane før arbeidet går i gang.

Me håper at dette kan gjenvinna tilliten til NTF og at me saman kan halda fram med alt det fantastiske arbeidet som vert gjort kvar dag rundt om i alle våre 145 tennis- og padelklubbar!

Lars Gjerdåker
President NTF

Samarbeidspartnere